Markus 14:31-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.

32. Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!»

33. Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru

34. og sa til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!»

35. Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at denne timen måtte gå han forbi, om det var råd.

36. «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

37. Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time?

38. Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

39. Så gjekk han bort att og bad med dei same orda.

40. Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han.

41. Tredje gongen kom han til dei og sa: «Søv de framleis og kviler! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender.

42. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

43. I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste.

44. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med sikker vakt.»

Markus 14