25. Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»
26. Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
27. Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg, for det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast.
28. Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»
29. Då sa Peter: «Om så alle vender seg bort frå deg – eg gjer det ikkje!»
30. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»
31. Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.
32. Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!»
33. Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru
34. og sa til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!»
35. Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at denne timen måtte gå han forbi, om det var råd.
36. «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»
37. Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time?
38. Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»
39. Så gjekk han bort att og bad med dei same orda.
40. Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han.