Markus 14:12-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Den første dagen i høgtida med usyra brød, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella i stand så du kan halda påskemåltid?»

13. Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja,

14. og der han går inn, skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?’

15. Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.»

16. Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.

17. Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.

Markus 14