Markus 13:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus var på veg ut frå tempelet, sa ein av læresveinane til han: «Sjå, meister, for nokre steinar og byggverk!»

2. Han svara: «Ja, ser du desse veldige bygningane? Her skal ikkje liggja att stein på stein, alt skal rivast ned.»

3. Då han sat på Oljeberget midt imot tempelet og Peter, Jakob, Johannes og Andreas var åleine med han, spurde dei han:

4. «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på at alt dette skal fullendast?»

Markus 13