Markus 12:41-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje.

42. Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre.

43. Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista.

44. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»

Markus 12