30. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.’
31. Det andre er dette: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.»
32. Den skriftlærde sa til han: «Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han.
33. Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.»
34. Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.
35. Ein gong Jesus underviste på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son?
36. For David sjølv seier i Den heilage ande:‘Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar under dine føter.’