21. Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og på same måten gjekk det med den tredje.
22. Ingen av dei sju etterlét seg born. Sist av dei alle døydde kvinna.
23. Men i oppstoda, den dagen dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.»
24. Jesus sa til dei: «De er på ville vegar! Og er ikkje det fordi de verken kjenner skriftene eller Guds makt?
25. For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og blir ikkje bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen.
26. Men at dei døde står opp, har de ikkje lese om det i Moseboka, i forteljinga om klungeren? Gud tala til Moses og sa: ‘Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.’
27. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De er heilt på ville vegar.»
28. Ein av dei skriftlærde som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han bort til han og spurde: «Kva for eit bod er det første av alle?»
29. Jesus svara: «Dette er det første bodet: ‘Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin.
30. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.’
31. Det andre er dette: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.»
32. Den skriftlærde sa til han: «Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han.
33. Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.»