3. Og er det nokon som spør: ‘Kva er det de gjer?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han og sender han straks tilbake.’»
4. Så gjekk dei og fann folen, som stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han.
5. Nokre av dei som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?»
6. Dei svara så som Jesus hadde sagt, og då fekk dei gå.
7. Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå.
8. Mange breidde kappene sine på vegen, andre strødde friske greiner som dei hadde hogge ute på markene.
9. Både dei som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:«Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
10. Velsigna er vår far Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!»
11. Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg omkring alle stader, men sidan det leid mot kveld, drog han ut til Betania med dei tolv.
12. Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten.
13. Langt borte såg han eit fikentre med lauv på. Han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna noko på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv, for det var ikkje tid for fiken.
14. Då sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg!» Og læresveinane høyrde det.
15. Då dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å driva ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,
16. og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.