Markus 10:5-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet.

6. Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne.

7. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si,

8. og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp.

9. Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

10. Då dei var komne i hus att, spurde læresveinane han om dette.

11. Han sa til dei: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i ekteskapsbrot mot den første.

Markus 10