5. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
6. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning.
7. Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans.
8. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
9. På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.
10. Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due.
11. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»
12. Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka,
13. og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra, og englane tente han.
14. Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium
15. og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»
16. Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror til Simon. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar.
17. Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
18. Då gjekk dei beint frå garna sine og følgde han.
19. Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten og bøtte garna.
20. Då kalla han dei, og dei lét far sin, Sebedeus, bli att i båten saman med arbeidskarane og følgde Jesus.
21. Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagogen og underviste.