Markus 1:21-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagogen og underviste.

22. Alle var fulle av undring over læra hans, for han lærte dei med myndig tale og ikkje som dei skriftlærde.

23. No var det i synagogen deira ein mann med ei urein ånd. Han sette i å ropa:

24. «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»

25. Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»

26. Og ånda reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut av han.

27. Då vart alle gripne av otte og undring; dei snakka i munnen på kvarandre og sa: «Kva er dette? Ei ny, mektig lære! Han byd til og med dei ureine åndene, og dei lyder han.»

28. Og ordet om han fór snart over heile Galilea-området.

Markus 1