Lukas 9:33-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa.

34. Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle.

35. Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!»

36. Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.

37. Dagen etter, då dei kom ned frå fjellet, vart han møtt av ei stor folkemengd.

Lukas 9