Lukas 8:41-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Ein mann som heitte Jairus, kom fram; han var forstandar for synagogen. Han kasta seg ned for føtene til Jesus og bad han inderleg om å koma heim til seg.

42. For einaste dotter hans, som var om lag tolv år gammal, låg for døden. Då Jesus gjekk dit, trengde folk seg innpå han frå alle kantar.

43. Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. {{Alt ho eigde, hadde ho brukt på legar,}} men ingen hadde greidd å gjera henne frisk.

44. Ho nærma seg Jesus bakanfrå og rørte ved dusken på kappefliken hans, og med ein gong stansa blodet.

45. «Kven var det som rørte ved meg?» spurde Jesus. Ingen ville svara. Då sa Peter: «Meister, folk trykkjer og trengjer seg innpå deg frå alle kantar.»

46. Men Jesus sa: «Det var einkvan som rørte ved meg, for eg kjende at det gjekk ei kraft ut ifrå meg.»

47. Då kvinna skjøna at det ikkje kunne løynast, kom ho skjelvande fram. Ho kasta seg ned for han og fortalde, medan heile folket høyrde på, kvifor ho hadde rørt ved han, og korleis ho hadde vorte frisk med det same.

48. Då sa Jesus til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred!»

Lukas 8