Lukas 8:26-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. No kom dei inn til Gerasenar-landet, som ligg midt imot Galilea.

27. Då han gjekk i land, kom ein mann frå byen der mot han. Han hadde vonde ånder i seg. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han budde ikkje i hus, men heldt til i gravhòlene.

28. Då han fekk sjå Jesus, sette han i å ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg bed deg at du ikkje må pina meg!»

29. – For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut av mannen. Ho hadde hatt makt over han i lange tider. Ofte hadde dei bunde han med lenkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda og vart driven ut i øydemarka av den vonde ånda. –

30. «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion», svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han.

31. Og dei bad Jesus at han ikkje måtte by dei å fara ned i avgrunnen.

32. No gjekk det ein stor griseflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i grisene. Det gav han dei lov til.

33. Då fór dei vonde åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna.

34. Men då dei som gjette grisene, såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det inne i byen og ute på landet.

35. Og folk drog ut og ville sjå kva som var hendt. Då dei kom fram til Jesus, fann dei mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av. Han sat ved Jesu føter, påkledd og med sitt fulle vit. Då vart dei redde.

36. Men dei som hadde sett på, fortalde korleis han som hadde hatt dei vonde åndene, vart frisk att.

37. Då bad heile folkemengda frå Gerasenar-bygdene at Jesus måtte fara bort ifrå dei, for dei var tekne av stor redsle. Og han gjekk i båten og fór attende.

38. Mannen som dei vonde åndene hadde fare ut av, bad om å få vera med han. Men Jesus sende han bort og sa:

39. «Gå heim og fortel kor store ting Gud har gjort mot deg.» Så gjekk han av stad og forkynte i heile byen kva Jesus hadde gjort for han.

Lukas 8