25. Han sa til dei: «Kvar er trua dykkar?» Men dei var fulle av otte og undring og sa seg imellom: «Kven er han? Han byd både vind og sjø, og dei lyder han!»
26. No kom dei inn til Gerasenar-landet, som ligg midt imot Galilea.
27. Då han gjekk i land, kom ein mann frå byen der mot han. Han hadde vonde ånder i seg. I lang tid hadde han ikkje hatt klede på kroppen, og han budde ikkje i hus, men heldt til i gravhòlene.
28. Då han fekk sjå Jesus, sette han i å ropa, kasta seg ned for han og skreik høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg bed deg at du ikkje må pina meg!»
29. – For Jesus hadde bode den ureine ånda å fara ut av mannen. Ho hadde hatt makt over han i lange tider. Ofte hadde dei bunde han med lenkjer og fotjern og halde vakt over han, men han sleit banda og vart driven ut i øydemarka av den vonde ånda. –
30. «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion», svara han, for det var mange vonde ånder som hadde fare inn i han.
31. Og dei bad Jesus at han ikkje måtte by dei å fara ned i avgrunnen.
32. No gjekk det ein stor griseflokk og beitte der på fjellet, og dei vonde åndene bad om å få fara inn i grisene. Det gav han dei lov til.
33. Då fór dei vonde åndene ut av mannen og inn i grisene, og flokken sette utfor stupet og ned i sjøen og drukna.
34. Men då dei som gjette grisene, såg det som var hendt, sprang dei av stad og fortalde det inne i byen og ute på landet.