1. Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord.
2. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna.
3. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten.