Lukas 4:30-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Men han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.

31. Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea. Han underviste dei på sabbaten,

32. og dei var slegne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.

33. I synagogen var det ein mann som hadde ei vond og urein ånd. Han sette i å ropa av all kraft:

34. «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»

Lukas 4