1. Fylt av Den heilage ande kom Jesus tilbake frå Jordan. Og Anden førte han omkring i førti dagar i øydemarka,
2. der han vart freista av djevelen. I dei dagane åt han ingenting, og då dagane var til ende, tok svolten han.
3. Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal bli til brød.»
4. Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød.»
5. Då førte djevelen han høgt opp og synte han i ein augneblink alle rika i verda
6. og sa: «Eg vil gje deg all denne makta og herlegdomen. For makta er lagd i mi hand, og eg gjev henne til kven eg vil.
7. Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»
8. Då svara Jesus: «Det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»
9. Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå.
10. For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om å verna deg.
11. Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
12. Men Jesus svara: «Det er sagt: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»