13. «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han.
14. «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»
15. Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias?
16. Då tok han til orde og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld.
17. Han har kasteskovla i handa for å reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten skal han samla i låven sin, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
18. Dette og mykje anna la han folket på hjartet når han forkynte bodskapen for dei.