Lukas 24:36-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

37. Dei vart forfærde og redde, for dei trudde det var ei ånd dei såg.

38. Men han sa til dei: «Kvifor er de så urolege, og kvifor vaknar tvilen i hjarta dykkar?

39. Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser at eg har.»

40. {{Så viste han dei hendene og føtene sine.}}

41. Då dei av rein glede enno ikkje kunne tru, men berre undra seg, sa han: «Har de noko å eta her?»

42. Dei gav han eit stykke steikt fisk,

Lukas 24