3. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp.
4. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede.
5. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?
6. Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea:
7. ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’»
8. Då kom dei i hug orda hans.
9. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.