56. Ei tenestejente fekk sjå han sitja der i lyset frå elden. Ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.»
57. Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»
58. Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg slett ikkje», svara Peter.
59. Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»
60. Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, menneske!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen.
61. Då vende Herren seg og såg på Peter, og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.»
62. Og han gjekk ut og gret sårt.