37. For eg seier dykk at det må oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna blant lovbrytarar. For det som er fastsett om meg, skal no fullendast.»
38. Då sa dei: «Herre, sjå, her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.
39. Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget som han hadde for vane, og læresveinane følgde han.
40. Då han kom dit, sa han til dei: «Be at de ikkje må koma i freisting!»
41. Han sleit seg frå dei så langt som eit steinkast, fall på kne og bad:
42. «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»
43. {{Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.
44. Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.}}
45. Då han reiste seg etter bøna og kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, overvelda av sorg.
46. «Korleis kan de sova?» spurde han. «Reis dykk og be at de ikkje må koma i freisting!»
47. Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han gjekk bort til Jesus for å kyssa han.
48. Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med eit kyss?»
49. Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi gripa til sverd?»
50. Og ein av dei hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret.
51. Men Jesus sa: «Lat det vera med det!» Og han rørte ved øyret til tenaren og lækte han.