21. Men sjå, han som svik meg, har handa her på bordet saman med meg.
22. Menneskesonen går bort, som det er fastsett. Men ve det mennesket som svik han!»
23. Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.
24. No vart det òg strid mellom dei om kven som skulle reknast som den største.
25. Då sa Jesus til dei: «Kongane herskar over folka sine, og dei som rår, blir kalla velgjerarar.
26. Men slik er det ikkje hos dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og leiaren skal vera som ein tenar.
27. For kven er størst, den som er gjest ved bordet, eller den som er tenar? Er det ikkje gjesten? Men eg er midt iblant dykk som ein tenar.
28. De er dei som har halde ut hos meg i prøvingane mine.
29. Og no overlèt eg riket til dykk, slik som Far min har overlate det til meg:
30. De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike og sitja på troner og dømma dei tolv Israel-stammane.
31. Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite.
32. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!»
33. «Herre», sa Peter, «med deg er eg klar til å gå både i fengsel og i død.»
34. Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»
35. Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pengepung eller veske eller skor, mangla de då noko?» «Nei, ingen ting», svara dei.
36. «Men no», sa han, «må den som har pengepung, ta han med, og like eins den som har veske. Og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit.