12. Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.»
13. Så gjekk dei og fann det slik som han hadde sagt, og dei gjorde i stand påskemåltidet.
14. Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han.
15. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida.
16. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.»
17. Så tok han eit beger, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.
18. For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»
19. Så tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Dette er min kropp, som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.»
20. Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utrent for dykk.
21. Men sjå, han som svik meg, har handa her på bordet saman med meg.