1. Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista.
2. Han la òg merke til ei fattig enkje som gav to små koparmyntar.
3. Og han sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre.
4. For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho hadde å leva av.»
5. Det var nokre som snakka om tempelet, kor fint det var utsmykka med vakre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus:
6. «Det kjem ein dag då alt de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»
7. Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?»
8. Han svara:«Ta dykk i vare så ingen fører dykk vill! For mange skal koma i mitt namn og seia: ‘Det er eg! Tida er nær!’ Følg dei ikkje!
9. Og når de høyrer om krig og opprør, så lat dykk ikkje skremma! For først må dette henda, men enden kjem ikkje med ein gong.»
10. Og han heldt fram: «Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike.
11. Det skal koma store jordskjelv, og hungersnaud og pest på stad etter stad. Det skal henda redselsfulle ting og syna seg store teikn frå himmelen.
12. Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfølgja dykk, gje dykk over til synagogane og kasta dykk i fengsel, og for mitt namn skuld skal de førast fram for kongar og landshovdingar.
13. Då skal de få vitna for dei.
14. Legg dykk på hjartet at de ikkje treng tenkja ut på førehand korleis de skal forsvara dykk.