Lukas 2:5-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.

6. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,

7. og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.

8. Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.

9. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.

10. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:

Lukas 2