Lukas 19:8-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.»

9. Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son.

10. For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»

11. Medan dei høyrde på dette, heldt Jesus fram og fortalde ei likning. For han var nær Jerusalem, og dei meinte at Guds rike straks skulle koma til syne.

12. Han sa:«Ein mann av høg ætt ville fara til eit land langt borte. Der skulle han bli innsett som konge og så koma heim att.

13. Han kalla til seg ti av tenarane sine, gav dei ti pund og sa til dei: ‘Driv handel med desse pengane til eg kjem att.’

14. Men landsmennene hans hata han, og dei lét sendemenn fara av stad etter han og seia: ‘Vi vil ikkje ha denne mannen til konge over oss.’

15. Då han no kom att som konge, kalla han til seg dei tenarane som hadde fått pengane, så han kunne få vita kor mykje dei hadde tent.

16. Den første kom fram og sa: ‘Herre, det pundet du gav meg, har kasta av seg ti pund.’

17. ‘Det er bra, du gode tenar’, sa kongen. ‘Fordi du har vore tru i lite, skal du få rå over ti byar.’

18. Den andre kom og sa: ‘Herre, det pundet du gav meg, har gjeve fem pund.’

19. Til han sa kongen: ‘Du skal rå over fem byar.’

20. Men så kom det ein og sa: ‘Herre, sjå her er pundet ditt! Eg har hatt det liggjande i eit tørkle.

21. Eg var redd deg, for du er ein streng mann som tek ut det du ikkje har sett inn, og haustar det du ikkje har sådd.’

22. Då sa kongen: ‘Etter dine eigne ord dømmer eg deg, du dårlege tenar! Du visste at eg er ein streng mann som tek ut det eg ikkje har sett inn, og haustar det eg ikkje har sådd.

23. Kvifor gav du ikkje pengane mine til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?’

24. Så sa han til dei som stod der: ‘Ta pundet frå han og gjev det til han som har ti frå før!’

25. ‘Herre, han har alt ti pund’, sa dei.

26. ‘Ja, men eg seier dykk: Den som har, skal få, og den som ikkje har, skal bli fråteken sjølv det han har.

Lukas 19