Lukas 19:33-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Dei løyste folen, og dei som eigde han, spurde: «Kvifor løyser de folen?»

34. Dei svara: «Herren har bruk for han.»

35. Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå.

36. Og der han reid fram, breidde folket kappene sine ut på vegen.

37. Då han nærma seg skråninga ned frå Oljeberget, byrja heile mengda av læresveinar å lova Gud med høg røyst, glade som dei var, for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa:

38. «Velsigna er han, kongen, som kjem i Herrens namn!Fred i himmelenog ære i det høgste!»

39. Nokre farisearar i folkemengda sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rette!»

40. Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»

41. Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen

42. og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine.

43. Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar.

Lukas 19