23. Kvifor gav du ikkje pengane mine til ein som driv med utlån, så eg kunne få dei att med renter når eg kom heim?’
24. Så sa han til dei som stod der: ‘Ta pundet frå han og gjev det til han som har ti frå før!’
25. ‘Herre, han har alt ti pund’, sa dei.
26. ‘Ja, men eg seier dykk: Den som har, skal få, og den som ikkje har, skal bli fråteken sjølv det han har.
27. Men desse fiendane mine, dei som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, før dei hit og hogg dei ned for auga mine.’»
28. Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på vegen opp mot Jerusalem.
29. Då han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg
30. og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og han har det aldri sete noko menneske på. Den skal de løysa og leia hit!
31. Og er det nokon som spør: ‘Kvifor løyser de folen?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han.’»
32. Dei to gjekk av stad og fann det slik som han hadde sagt.
33. Dei løyste folen, og dei som eigde han, spurde: «Kvifor løyser de folen?»