1. Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen.
2. Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik.
3. Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst.
4. Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi.
5. Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.»
6. Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede.
7. Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.»
8. Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.»
9. Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son.
10. For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»
11. Medan dei høyrde på dette, heldt Jesus fram og fortalde ei likning. For han var nær Jerusalem, og dei meinte at Guds rike straks skulle koma til syne.
12. Han sa:«Ein mann av høg ætt ville fara til eit land langt borte. Der skulle han bli innsett som konge og så koma heim att.