Lukas 18:22-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Då Jesus høyrde det, sa han: «Eitt manglar deg enno: Sel alt det du eig, og del ut til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»

23. Mannen vart sorgfull då han høyrde det, for han var svært rik.

24. Jesus såg at han vart sorgfull, og sa: «Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!

25. Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

26. «Kven kan då bli frelst?» spurde dei som høyrde på.

27. Han svara: «Det som er umogleg for menneske, er mogleg for Gud.»

28. Då sa Peter: «Kva så med oss? Vi har gått ifrå alt vårt og følgt deg.»

29. Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har skilt seg med hus eller kone eller sysken eller foreldre eller born for Guds rike skuld

30. utan at han skal få det att mangedobbelt i den tida som no er, og eit evig liv i den verda som kjem.»

31. Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast.

32. Han skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på,

33. og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.»

34. Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje det han sa.

35. Då Jesus nærma seg Jeriko, sat det ein blind mann ved vegen og tigga.

36. Mannen høyrde at det var mykje folk på vegen, og spurde kva som stod på.

37. Dei svara: «Det er Jesus frå Nasaret som kjem forbi.»

38. Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»

39. Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»

40. Jesus stansa og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom nærare, spurde Jesus han:

41. «Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet att!» svara han.

42. Jesus sa til han: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg.»

Lukas 18