10. Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.
11. Er de ikkje tru når det gjeld den uheiderlege Mammon, kven vil då tru på dykk og gje dykk det som verkeleg er verdt noko?
12. Og viser de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga?
13. Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.»
14. Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.
15. Då sa han til dei:«De vil gjerne vera rettferdige i menneskeauge, men Gud kjenner hjarta dykkar. Det som menneske set høgt, er ein styggedom i Guds auge.
16. Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid er den gode bodskapen om Guds rike forkynt, og alle trengjer på for å koma inn.
17. Før skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort.
18. Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
19. Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag.