Lukas 13:9-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»

10. Ein sabbat underviste han i ein av synagogane.

11. Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp.

12. Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.»

13. Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.

14. Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.»

15. «Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka?

16. Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?»

17. Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.

18. Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med?

19. Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.»

20. Og igjen sa han: «Kva skal eg samanlikna Guds rike med?

21. Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.»

22. Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.

23. Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei:

24. «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det.

25. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’

26. Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’

27. Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’

Lukas 13