22. Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.
23. Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei:
24. «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det.
25. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’
26. Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’
27. Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’