Lukas 13:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. På den tida kom det nokre til han og fortalde om dei galilearane som Pilatus hadde drepe medan dei ofra, så blodet deira blanda seg med blodet frå offerdyra.

2. Då tok Jesus til orde: «Trur de at desse var større syndarar enn alle andre galilearar, sidan det gjekk så ille med dei?

3. Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same måten.

4. Eller dei atten som vart drepne då Siloa-tårnet rasa saman, trur de at dei hadde større skuld enn alle dei andre som bur i Jerusalem?

5. Nei, seier eg. Men vender de ikkje om, skal de alle omkoma på same vis.»

6. Så fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko.

7. Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’

8. ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det;

9. kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»

10. Ein sabbat underviste han i ein av synagogane.

Lukas 13