40. Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»
41. Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?»
42. Herren svara:«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid?
43. Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!
44. Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig.
45. Men set at tenaren seier med seg: ‘Det tek nok endå ei stund før herren min kjem’, og han så tek til å slå tenestegutane og tenestejentene og eta og drikka til han blir full.
46. Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit om, og hogga han ned og la han få dela lagnad med dei vantruande.
47. Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det herren vil, han skal få mange slag.
48. Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.
49. Eg er komen for å kasta eld på jorda. Kor gjerne eg ville at brannen alt var tend!
50. Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullført!
51. Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg, ikkje fred, men strid.
52. Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: tre mot to og to mot tre,
53. far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, svigermor mot svigerdotter og svigerdotter mot svigermor.»
54. Til folket sa han:«Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: ‘No kjem det regn’, og det går slik.
55. Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: ‘No blir det varmt’, og det går slik.
56. Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda. Kvifor kan de ikkje då tyda denne tida?
57. Og kvifor dømmer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett?
58. Når du går til domstolen med motparten din, skal du gjera det du kan for å bli samd med han medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for dommaren, og dommaren sender deg til innkrevjaren, og innkrevjaren kastar deg i fengsel.