26. Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor er de då urolege for alt det andre?
27. Sjå på liljene, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
28. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!
29. Ver ikkje urolege, og tenk ikkje heile tida på kva de skal eta og kva de skal drikka.
30. For alt dette er heidningane i verda opptekne av. Men Far dykkar veit at de treng dette.
31. Søk heller hans rike, så skal de få dette i tillegg.
32. Ver ikkje redd, du vesle flokk! For det er Far dykkars gode vilje å gje dykk riket.
33. Sel det de eig, og gjev gåver til dei fattige. Få dykk pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til og møll ikkje øydelegg.
34. For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.
35. Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!
36. Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på.
37. Lukkelege er dei tenarane som herren finn vakne når han kjem! Sanneleg, eg seier dykk: Han skal binda opp kjortelen, føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei.
38. Ja, lukkelege er dei som han finn vakne, sjølv om han ikkje kjem før i andre eller tredje nattevakta!
39. Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva time tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.
40. Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»
41. Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?»