18. Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig.
19. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’
20. Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’
21. Slik går det med den som samlar skattar til seg sjølv og ikkje er rik i Gud.»
22. Han sa til læresveinane:«Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
23. Livet er meir enn maten og kroppen meir enn kleda.
24. Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har verken matbu eller låve, men Gud før dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!
25. Kven av dykk kan med all si uro leggja ei alen til si livslengd?
26. Når de ikkje eingong maktar så lite, kvifor er de då urolege for alt det andre?
27. Sjå på liljene, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
28. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!
29. Ver ikkje urolege, og tenk ikkje heile tida på kva de skal eta og kva de skal drikka.
30. For alt dette er heidningane i verda opptekne av. Men Far dykkar veit at de treng dette.
31. Søk heller hans rike, så skal de få dette i tillegg.
32. Ver ikkje redd, du vesle flokk! For det er Far dykkars gode vilje å gje dykk riket.
33. Sel det de eig, og gjev gåver til dei fattige. Få dykk pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til og møll ikkje øydelegg.
34. For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.
35. Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!
36. Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på.