1. I mellomtida hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg først til læresveinane:«Ta dykk i vare for surdeigen til farisearane, hykleriet deira!
2. Ingenting er gøymt som ikkje skal fram i dagen, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent.
3. Difor skal det de seier i mørkret, bli høyrt i lyset, og det de kviskrar i einerom, skal ropast ut frå hustaka.
4. Men til dykk, venene mine, seier eg: Ver ikkje redde dei som slår i hel kroppen, men sidan ikkje kan gjera meir.
5. Eg skal visa dykk kven de skal frykta: De skal frykta han som kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de frykta!
6. Blir ikkje fem sporvar selde for eit par skilling? Og ikkje ein av dei er gløymd hos Gud.
7. Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.
8. Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar.
9. Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg bli fornekta for Guds englar.
10. Og kvar den som seier eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som spottar Den heilage ande, får ikkje tilgjeving.
11. Når de må svara for dykk i synagogane og for dei som styrer og rår, ver då ikkje redde for korleis de skal forsvara dykk, eller kva de skal seia.
12. For Den heilage ande skal læra dykk i same stund kva som må seiast.»
13. Ein i folkehopen sa til han: «Meister, sei til bror min at han skal skifta arven med meg!»
14. Men Jesus svara: «Ven, kven har sett meg til å dømma eller skifta mellom dykk?»
15. Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»
16. Og han fortalde dei ei likning:«Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde,
17. og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi.
18. Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig.
19. Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’