46. Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De lesser på folk bører som ikkje er til å bera, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.
47. Ve dykk! De byggjer gravminne over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel.
48. Slik er de vitne om det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravminne.
49. Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfølgja.
50. Difor skal denne slekta få svara for blodet frå alle profetane, det som har runne frå verda vart grunnlagd,