Lukas 11:42-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, vinrute og alle slags grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.

43. Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogane og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.

44. Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og ensar det ikkje.»

45. Då tok ein av dei lovkunnige ordet og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»

Lukas 11