Lukas 11:2-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Han svara: «Når de bed, skal de seia:Far!Lat namnet ditt helgast.Lat riket ditt koma.

3. Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.

4. Tilgjev oss våre synder,for vi òg tilgjev kvar den som står i skuld til oss.Og lat oss ikkje koma i freisting.»

5. Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: ‘Kjære, lån meg tre brød!

6. Ein ven som er på reise, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.’

7. Trur de at han då svarar der inne frå: ‘Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.’

8. Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det for venskap skuld, så står han i det minste opp fordi han er så pågåande, og lèt han få alt han treng.

9. Og eg seier dykk: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.

Lukas 11