1. Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, slik Johannes lærte sine læresveinar.»
2. Han svara: «Når de bed, skal de seia:Far!Lat namnet ditt helgast.Lat riket ditt koma.
3. Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.
4. Tilgjev oss våre synder,for vi òg tilgjev kvar den som står i skuld til oss.Og lat oss ikkje koma i freisting.»
5. Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: ‘Kjære, lån meg tre brød!
6. Ein ven som er på reise, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.’
7. Trur de at han då svarar der inne frå: ‘Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.’