9. Læk dei sjuke der og sei: ‘Guds rike er kome nær til dykk!’
10. Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje tek imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia:
11. ‘Til og med støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha for dykk sjølve, vi børstar det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!’
12. Eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.
13. Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske.
14. Men i dommen skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.
15. Og du, Kapernaum – skal du bli opphøgd like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned!
16. Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.»
17. Dei syttito kom glade tilbake og sa: «Herre, til og med dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!»
18. Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.
19. Ja, eg har gjeve dykk makt til å trakka på ormar og skorpionar og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk.
20. Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!»
21. I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje.
22. Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
23. Då dei var åleine, vende han seg til læresveinane og sa: «Sæle dei auga som ser det de ser!
24. For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra.»
25. Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»
26. «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?»