66. Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han.
67. Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa:
68. «Velsigna er Herren, Israels Gud,for han såg til sitt folk og har løyst det.
69. Han har reist for oss eit horn til frelsei sin tenar Davids hus,
70. så som han lova frå gammal tidved munnen til sine heilage profetar:
71. å frelsa oss frå våre fiendarog frå handa åt alle dei som hatar oss.
72. Han viste miskunn mot våre fedrarog kom i hug den heilage pakta,
73. den eid han gav som lovnadtil Abraham, vår far,
74. så vi, frelste frå fiendehand og utan otte,kan tena han for hans andlet
75. i reinleik og rettferd alle våre dagar.
76. Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar
77. og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,
78. for vår Gud er rik på miskunn.Slik skal lyset frå det høgegjesta oss som ein soloppgang