Lukas 1:59-69 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

59. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,

60. men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»

61. «Det er då ingen i slekta di som har det namnet», svara dei.

62. Så gjorde dei teikn til faren for å få vita kva han ville at guten skulle heita.

63. Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,

64. men i det same vart munnen hans opna og tunga løyst. Han tala og prisa Gud.

65. Då kom ei redsle over alle dei som budde der omkring, og rundt i alle fjellbygdene i Judea snakka folk om det som hadde hendt.

66. Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han.

67. Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa:

68. «Velsigna er Herren, Israels Gud,for han såg til sitt folk og har løyst det.

69. Han har reist for oss eit horn til frelsei sin tenar Davids hus,

Lukas 1