59. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,
60. men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»
61. «Det er då ingen i slekta di som har det namnet», svara dei.
62. Så gjorde dei teikn til faren for å få vita kva han ville at guten skulle heita.
63. Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,
64. men i det same vart munnen hans opna og tunga løyst. Han tala og prisa Gud.
65. Då kom ei redsle over alle dei som budde der omkring, og rundt i alle fjellbygdene i Judea snakka folk om det som hadde hendt.
66. Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han.