38. Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.
39. Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda
40. der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne.
41. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande
42. og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.
43. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg?
44. For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd.
45. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»
46. Då sa Maria:«Mi sjel høglovar Herren,
47. og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
48. For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
49. for store ting har han gjort mot meg,han, den mektige; heilagt er hans namn.
50. Frå slekt til slekt varer hans miskunnover dei som ottast han.
51. Han gjorde storverk med sin sterke arm;han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.