8. Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal trøysta hjarta dykkar.
9. Saman med han sender eg Onesimos, vår trufaste og elska bror, som er ein av dykkar eigne. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå.
10. Aristarkos, som er i fengsel saman med meg, helsar dykk; det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. Han har de fått bod om tidlegare. Om han kjem, så ta vel imot han.
11. Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse er dei einaste omskorne som saman med meg har arbeidd for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.